BREMERFJØSEN

Dekket småbord i restaurant, foto: Jonny Akselsen
Underholdning i fjøsen
Fra Silobaren foto: Jonny Akselsen

Underhaldning

Stort repertoar med ulike former for underhaldning og musikk kan formidlast og tilretteleggjast etter ditt ynskje.

Me tilbyr selskap og arrangement på bestilling. Ver ute i god tid og du får datoen du helst vil ha!

Opne arrangement som dans, kulturkveldar og liknande  vert annonserte.

Felles transport kan ordnast om ynskjeleg.

FJØSEN SOM IKKJE EINGONG GJEST BÅRDSEN VILLE RØMMA FRÅ!

Og kvifor det, jau det var på grunn av den gode maten og det gode vertskapet.

Gjest var i varetekt hjå lensmann Bremer medan han venta på skiping til Bergen Kretsfengsel. Lensmann Bremer serverte god mat, og lot jamvel Gjest få delta i gardsarbeidet i Bremergarden. Ein slik gjestfridom ville ikkje Gjest rømma frå, og det vonar me at heller ikkje du vil!

Den 6.juni 1806 kjøpte 32 år gamle lensmann Bremer Bremergarden. 3 veker seinare var det storstila bryllup på garden då han gifta seg med Kari, dotter til eigaren av garden. Sidan har garden gått i arv frå far til son. Eigarar idag er Olav Bremer og Ingrid Ødegård. Idag vert Bremergarden i form av Bremerfjøsen driven som ei familiverksemd, der alle i familien har sine oppgåver når det er tilstellingar.

I ein ombygd fjøs frå tidleg på 1800 talet finn du Bremerfjøsen selskapslokale. Den ligg vakkert til ved Hafslovatnet, og er som byggverk eit arkitektonisk smykke, eit arvestykkje frå ei svunnen tid. Der det før var silo, stall, smalahus og fjøs, er det no bar, møterom, festsal og storkjøken. Under ombygginga la me vekt på å ta vare på mest mogleg av det opprinnelege og å byggje vidare med varsom hand. Når du kjem inn vil dei gamle veggane og alle dei gamle gjenstandane fortelja deg om ei svunnen tid, og om menneska som har hatt sitt arbeid her på garden, i denne fjøsen.

Gardsdrifta opp gjennom åra har vore mjølkeproduksjon, hesteoppdrett, sauhald og skogsdrift. Ved elva har det vore kvernhus og oppgangssag. Ei tid var her og urmakar. Her har vore dyrka korn, frukt, kaffi og tobakk. Tradisjonell gardsdrift er no avløyst av Bremerfjøsen slik den fremstår idag. Ein destinasjon med mål om å vera ei god kulturoppleving, ein samlingsplass for folk med sans for kultur og god mat.

Lokalet eignar seg godt for tilstellingar som bryllaup, dåp, konfirmasjon, åremålsdagar, julebord, firmafest, kurs, familie/slektstreff, blåturar og det du elles måtte ynskje.

Bremerfjøsen kan dekke bord til 100 personar.

Etter bordseta kan gjestene ta seg ein tur i Silobaren for forfriskningar eller slappe av ved peisen i Smalahuset. Om du ynskjer det, er det plass til både band og dansegolv i lokalet!

 

Er du usikker på korleis du vil feire?

Me har lang erfaring og hjelper deg gjerne. Det er viktig for oss at dagen blir slik du ynskjer, og saman med deg vil me skape eit unikt minne for deg og dine. Me vil gjere alt me kan for at du skal få eit vellukka arrangement og eit festeleg lag!

Ta kontakt med oss for prisførespurnad og ledige datoar.

KONTAKT OSS

RESERVER FESTEN NO